Familien Mjøs


Gå til innholdet

Familien

Trond har drive litt med slektsgransking. Min far heiter Erling Mjøs og kjem frå Mjøs på Radøy. Mor mi heiter Marie f. Sæle og er fødd i Øygarden, men familien flytta til Mjøs på Radøy då ho var berre eitt år gamal. Foreldra hennar heitte Petra f. Fauskanger og Ragnvald Sæle.

Har du lyst til å klatra i mitt anetre? Ved å følgja lenka kan du forflytta deg heile 22 generasjonar bakover i tid! Her er eit enkelt anekart i halvsirkelform.

Biletet til høgre viser min oldefar Knut Johannesen Mjøs saman med heile familien. Han hadde då nettopp gifta seg opp att med Marie Johnsdtr. Sylta. Rundt dei sit alle borna frå hans første ekteskap. Den eldste sonen Johannes døydde i 1895 nesten 23 år gamal. Den fyrste kona hans, Oline frå Berge i Sund døydde same året. Det er ikkje kjendt kven som tok dette biletet. Er det nokon som har tips om kven dette kan vera? Min bestefar Isak sit i midten bak.

Er du frå Radøy eller har slekt på Radøy vil eg tilrå at du skaffar deg bygdeboka for Radøy; " Radøy gjennom tidene". Boka er skriven av Anders Haugland frå Ølen. Det er kun første bind som har kome til no, men planen er at dei andre binda skal koma snart. Første bind inneheld gardane nord på øya, blant anna Mjøs og Nordanger.

Knut og Marie Mjøs saman med Knut sine born frå første eksteskap, 1899

Heimeside | Familien | Bilete | Video | Nedlasting | Familiekalender | Dikt | Kontakt | Side kart


Siste oppdatering 10. august 2013 | trond.mjoes@gmail.com

Tilbake til innholdet | Tilbake til Forsiden